I DAG SNAKKAR ME MED:
Positivt stressa Grieg-direktør
Gjengjeve med velvillig tillating frå BT og artikkelforfattaren
NAMN: Ragna Sofie Grung Moe
Av Harald Espeland
- Har du hatt det hektisk den siste tida?
- Kjempehektisk! Men arbeidet med å få klart programmet har samtidig vore
veldig givande. Eg vil seia at eg har vore stressa på ein god måte. Og eg er yr
og glad, for programmet me har fått i hamn er eit mirakel i den forstand at me
har hatt lita tid, lite pengar og lite folk til å jobba med prosjektet.
- Programmet for Grieg-markeringa i Bergen stod klart fredag. Kva er det som
gjer at du kallar det «eit mirakel»?
- Det viser at Grieg-året har inspirert masse kjempedyktige folk til å koma med sine innspel om korleis dei opplever Grieg. Store delar av programmet er nemleg sett saman av initiativ som har kome utanfrå. - Nokre spesielle høgdepunkt?
- Det kunstnariske hovudprosjektet blir for vår del «Sleppet», som er eit prosjekt der lydkunstnarar frå heile verda har vore ute i naturen i Sogn og Fjordane og tatt opp lydar som dei skal setja saman til utstilling og konsert. Elles må eg trekka fram mangfaldet i programmet, det vil blant anna bli spinningtimar til musikk av Grieg, og både rock og jazz med Grieg.
- Spinning med Grieg, korleis fungerer det?
- Me hentar inn ein topp instruktør frå Oslo som skal gi timar i eit
treningsstudio. Eg er veldig spent på akkurat det.
- Kvifor skal me markera at Grieg gjekk bort?
- Det er viktig å minnast kva for ein ressurs Grieg var og framleis er i dag,
og kor mange som har late seg inspirera av han. Målet vårt er at markeringa
skal bidra til ny vekst og nytt engasjement ut frå det Grieg skapte - ikkje at
me skal sørgja over hans bortgang.
- Meiner du Grieg er større enn mange er klar over?
- Ja. Haldningane hans som medmenneske og humanist, i tillegg til kva han hadde
å seia for etterfølgjande musikarar og komponistar, er noko som har blitt lagt
meir merke til internasjonalt enn her heime.
- Så du er ikkje redd for at folk skal få ein overdose med Grieg i markeringsåret?
- He-he. Nei, berre 20 prosent av programmet er reinspikka Grieg, medan resten
er Grieg-inspirert. Så eg vil tru markeringa inneheld noko for ein kvar smak.
|
|
Ragna Sofie Grung Moe.
|